FREDA: Naturvernforbundet vil hindre at E39 øydelegg regnskogen på Reksteren som Noreg har eit internasjonalt ansvar for å verne.
Regnskogen på Reksteren i Tysnes kommune i Hordaland er truga. Her skal ein firefelts motorveg pløye seg gjennom det verneverdige landskapet, høvle ned knausar og fylle opp myrar med stein.