Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Vil stogge ferjefri E39 med nasjonalpark:

Krev vern framfor veg

FUKTIG: Jan Rivenæs har kartlagt 30 lokalitetar for raudlista lavartar på Reksteren. Gunnar Wiederstrøm

FREDA: Naturvernforbundet vil hindre at E39 øydelegg regnskogen på Reksteren som Noreg har eit internasjonalt ansvar for å verne.

Regnskogen på Reksteren i Tysnes kommune i Hordaland er truga. Her skal ein firefelts motorveg pløye seg gjennom det verneverdige landskapet, høvle ned knausar og fylle opp myrar med stein.