Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Fokus

Ein ny periode?

Eit forsøk på tidsdiagnose.

Når historikarane får etterkrigstida på avstand, kjem dei til å dele denne tida i tre periodar. Gerhardsen-tida var år med sentralstyrt, kapitalistisk planøkonomi. Frå siste halvdel av sekstitalet tok fleire og fleire til å tenkje at ei anna og betre framtid er mogeleg. Nye tankar kom nedanfrå og i mange land samtidig, med protestar mot atomvåpen og atomkraft, mot vestmakters koloniar, mot militærstyre i Hellas, Spania og Portugal, med støtte til Vietnam og Palestina, EEC-nei i Norge, 200 mils fiskerigrense, kvinne-, distrikts- og miljøkamp. Ved utgangen av syttiåra var kvinner flest i arbeidslivet, Norge hadde fått ei betre arbeidsmiljølovgiving, miljødepartement, sjølvbestemt abort og opptrappingsplan for bøndene. I internasjonalt arbeid var ikkje Norge lenger i eitt og alt eit lydrike for USA, men la eit stykke på veg suverenitetsprinsipp og globalt like vilkår til grunn.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?