Inspirert av John Maynard Keynes blir det lyst ut til essaykonkurranse om framtidssamfunnet. Fagjuryen meiner det er ei god øving å løfta blikket frå korte prognosar til historiske liner.
I 1930 var verdsøkonomien i ei depresjonstid som enno fungerer som målestav for økonomiske kriser. Stagnasjon i næringslivet, massearbeidsløyse og sosial naud prega folks kvardag og spegla seg i manglande framtidstru.