LØNNSAMT: Equinor har gjort eit oljefunn knytt til Oseberg Vestflanken. Det blir anslått at utvinnbare ressursar er 22 millionar fat olje. Funnet blir omtala som lønnsamt. – Brønnen vart bora med Askepott-riggen, og funnet vil bli sett raskt i produksjon via den nye ubemanna og fjernstyrte H-plattforma på Oseberg-feltet, opplyser Equinor. – Funn som dette understrekar viktigheita av leiting nær produserande felt. Vi har som ambisjon å halde oppe lønnsam produksjon frå norsk sokkel i fleire tiår. Eit stort bidrag skal komme frå brønnar som kan borast billeg og raskt nær eksisterande infrastruktur, seier Gunnar Nakken, områdedirektør i Equinor.©NPK
Du kan bla til neste sideBla med piltastene
På topp
Dagboka
- Oppdal kommune, ein liten kommune i Trøndelag med oppunder 7000 innbyggarar, er landets beste kommune, ifølge kommunebarometeret til Kommunal Rapport. Kommunebarometeret er ein omfattande og systematisk sjekk av landets kommunar. I alt 151 nøkkeltal frå 12 sektorar blir gjennomgåtte. Då alle tala var telt opp, kom altså Oppdal best ut. Det gjorde den vesle kommunen også i 2015, og ifølge Kommunal Rapport gjer Oppdal det alltid godt.