Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Fann meir olje i Oseberg-området

LØNNSAMT: Equinor har gjort eit oljefunn knytt til Oseberg Vestflanken. Det blir anslått at utvinnbare ressursar er 22 millionar fat olje. Funnet blir omtala som lønnsamt. – Brønnen vart bora med Askepott-riggen, og funnet vil bli sett raskt i produksjon via den nye ubemanna og fjernstyrte H-plattforma på Oseberg-feltet, opplyser Equinor. – Funn som dette understrekar viktigheita av leiting nær produserande felt. Vi har som ambisjon å halde oppe lønnsam produksjon frå norsk sokkel i fleire tiår. Eit stort bidrag skal komme frå brønnar som kan borast billeg og raskt nær eksisterande infrastruktur, seier Gunnar Nakken, områdedirektør i Equinor.©NPK