Sigeren følgde fanene
Fekk tariffavtale etter 315 dagar i streik
Stavanger har fått nok av blått styre

– Dette er fyrste gang eg går i 1. mai-tog med eit smil om munnen, seier Bjørn Soltvedt, klubbleiar for Traftec Rogaland.
I 315 dagar – eller over ti månader – har Soltvedt frå Stavanger og ei handfull andre kollegaer streika for å få tariffavtale i selskapet Traftec AS. Selskapet står for utbygging, drift og vedlikehald av lys og elektronisk infrastruktur langs vegar og i tunnelar.
Måndag var den lange kampen over, og streikevestane kunne endeleg leggast vekk.
24 år er nok
For Soltvedt starta 1. mai med frukost på Folkes Hus i Stavanger, seinare gjekk dei sigrande elektrikarane saman med EL og IT Forbundet (LO), som dei heile tida har hatt i ryggen, i tog til Byparken i Stavanger.
Der var LO-leiar Hans Christian Gabrielsen hovudtalar. LO-leiaren gratulerte dei standhaftige streikande. Han snakka om verdien av sterke fellesskap og om å stå saman.
Mellom 2000 og 3000 gjekk i tog i Stavanger, som for fyrste gang på mange år hadde ein politisk hovudparole. Den slo fast at 24 år med borgarleg styre av byen er nok og rådde folk til å stemma raudgrønt til hausten.
Vegvesenet skuffa
Soltvedt fortel at det har vore ein tøff kamp å stå i.

– Det tar på å vera i streik så lenge.
Mest skuffa er han over Statens vegvesen, som har Traftec som underleverandør på fleire vegprosjekt.
– Me trudde me hadde ein god sak med Vegvesenet, men den manglande vilja dei viste til å kjempa vår sak og ta kampen mot underleverandørar var skuffande, seier han.
Den største delsigaren var då fylkeskommunen i Trøndelag kansellerte anbodet med Traftec. Soltvedt er også glad for at saka fleire gongar har vore tatt opp av opposisjonen på Stortinget og på landsmøte.
– Kva har de gjort i 315 dagar?
– Det har vore beinhard jobbing. Me har ikkje kunna faget streiking, seier han.
Dei har lært seg å arrangera markeringar og mobilisera støtte.
– Me måtte finna ut korleis me skal ordlegga oss. No held kampen fram i bedrifta med å få til gode avtalar.
Dei har også vore på ei rekke kurs i regi av EL og IT Forbundet.
– Korleis trur du det blir å komma tilbake på jobb?
– Eg er positivt innstilt og håpar bedrifta ønsker oss velkommen og ser at saka me har kjempa er viktig for dei også.
– Men det har vore ein hard konflikt?
– Me har blitt utsett for mykje rart det siste året. Men no er me ferdige med det og skal sjå framover, seier Soltvedt, som medgir at han er spent på korleis det blir å venda tilbake på jobb etter ein så lang streik.
Må verva fleire
Det er ikkje lønn denne streiken har handla om, fortel Soltvedt.
– Me ønskte tariffavtale så me får forhandlingsrett og medbestemming. Det er det som har vore viktigast for oss. Eg trur me skulle blitt einige om dei andre vilkåra. No blir det forhandlingar til hausten. Det er ikkje dermed sagt at me får gjennomslag for alt me ønsker, seier han.

Det var sju som gjekk ut i streik. På slutten var dei fem. Innan 15. oktober skal tariffavtalen med lokale tilpassingar på plass. Klubben skal jobba for å verva fleire.
– No er me ei tariffbedrift. Me er avhengige av at folk organiserer seg og håpar me får organisasjonsgraden opp.
Traftec skriv i ei pressemelding at forslaget om å innføra ein tariffavtale basert på energioverenskomsten, kom frå deira side. Streiken har halde på i lengste laget og dei er glade for at streiken er avblåst. Dei ønsker dei som har streika velkommen tilbake, ifølge Frifagbevegelse.no
«Stå opp for eit seriøst og organisert arbeidsliv», «Slepp ungdommen inn på bustadmarknaden» og «Forby bemanningsbransjen» var også sentrale parolar i Stavanger i går.
Leiar for LO i Stavanger Jo Jeseng opplever sterkare samhald mellom dei raudgrøne partia i byen dei siste åra.
I bystyret har MDG, Raudt, Ap og SV levert felles budsjettforslag to år på rad.
– Det er også meir samarbeid mellom fagrørsla og dei raudgrøne partia enn det har vore på lenge, seier Jenseg.
LO-leiar Hans Christian Gabrielsen brukte i sin tale også tid på å hylla oljearbeidarane i landsdelen, som har pumpa pengar inn i statskassa i snart 50 år.
– Pengar som har blitt brukt til velferd, skular, til sjukehus, til vegar. Fordi Norge hadde politikarar den gangen som skjønte at olja tilhøyrde oss alle, sa LO-leiaren.