FØDESTRID: Ap-leiaren meiner det ikkje ville vore nødvendig å legge ned fødeavdelinga i Kristiansund dersom Arbeidarpartiet hadde styrt.
Etter at styret i Helse Møre og Romsdal førre veke vedtok å leggje ned fødeavdelinga i Kristiansund, har alle ni kommunar på Nordmøre lova å trekkje seg frå avtalane dei har med helseføretaket. Onsdag skreiv Klassekampen at lokale Ap-ordførarar varsla oppgjer med føretaksmodellen i helsesektoren.