Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Thobias Santelmanns farsrolle er den verkeleg store stjerna i «Ut og stjæle hester».

Når aldri fullt firsprang

VAKKER: Jon Ranes som 15-årige Trond i vakre og velspela «Ut og stjæle hester». FOTO: 4 1/2 FILM

Vakkert og velspela, men overtydeleg.

(Noreg, 2019)

Regi: Hans Petter Moland

Med: Stellan Skarsgård, Jon Ranes, Bjørn Floberg, Tobias Santelmann, Danica Curcic, Gard Eidsvold

Lengde: 2 t. 2 min.

Ut av skodda og ut av fortida flyt bilda av ein ung gut som balanserer på ein tømmerstokk midt i elva. Det er Trond Sander i 1948 (Jon Ranes), og mannen som minnast han er Trond Sander i 1999 (Stellan Skarsgård). I bitande vinter, rett før tusenårsskiftet, har den aldrande enkjemannen flytta til eit småbruk i indre Østfold, etter å ha levd over 40 år i Sverige.