Vakkert og velspela, men overtydeleg.
(Noreg, 2019)
Regi: Hans Petter Moland
Med: Stellan Skarsgård, Jon Ranes, Bjørn Floberg, Tobias Santelmann, Danica Curcic, Gard Eidsvold
Lengde: 2 t. 2 min.
Ut av skodda og ut av fortida flyt bilda av ein ung gut som balanserer på ein tømmerstokk midt i elva. Det er Trond Sander i 1948 (Jon Ranes), og mannen som minnast han er Trond Sander i 1999 (Stellan Skarsgård). I bitande vinter, rett før tusenårsskiftet, har den aldrande enkjemannen flytta til eit småbruk i indre Østfold, etter å ha levd over 40 år i Sverige.