Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Å vera maskulin er å vera modig, målretta, sjølvstendig og rasjonell.

Tusseladdveldet

Ifølgje tradisjonell patriarkalsk tenking er det alltid kvinnene som har skulda når mennene snublar i sine eigne bein. Derfor er det berre som ein måtte venta at utanrikspolitisk forskar og kommentator Asle Toje skriv ein artikkel i Morgenbladet (25.-31. januar) om at skulen er lagd til rette for jenter, med lite rom for «maskuline» impulsar. Av den grunn driv gutane med dataspel i staden for å følgja med i timen. Han avsluttar med at noko må gjerast: «Fedre må kjenne sin besøkelsestid. Vi må sette av mer tid til guttene. Hadde en livsavsporende trend rammet jentene, ville offentlige handlingsplaner alt vært på plass – men det er saken med statsfeminisme, den er ikke til for å gagne guttene.»

Ikkje søtt, ikkje surt, ikkje bittert – men salt. Solveig Aareskjold skriv om det ho sjølv vil i Klassekampen kvar laurdag.