Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Nyvinnande: Hanne Bramness tøyer grensa for kva som kan kallast dikt.

Spelet med dei litterære spela

PROSADIKTAR: Hanne Bramness fører prosjektet frå førre bok vidare i «Håp bygger huset». FOTO: THOMAS KOLBEIN BJØRK OLSEN
Litteratur

Hanne Bramness

Håp bygger huset

Litteratur

Tiden 2018, 86 sider

Hanne Bramness tar ein plass, gjerne eit hus. Ho gjer ei detaljert skildring av korleis det er der, og viser at mennesket og omgjevnadene set spor i kvarandre. For «hvem kan med sikkerhet si at de plassene vi husker, og den redselen vi så ofte følte der, ikke finnes, bevart som en tikking i huset». Ho blar om til neste side. Skriv ein ny tekst, om ein ny plass.