Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Noregsaktuell forfattar minner oss om at kunstig intelligens er eit avgrensa verktøy som vi må bruka rett:

Reproduserer fordom

VIL HA DIGITAL PAUSE: Meredith Broussard, forfattar av «Artificial Unintelligence», talar i dag på Nasjonalbibliotekets konferanse om kunstig intelligens. Her sit ho i NRK-kulissane frå Bing & Bringsværds «Blindpassasjer» (1978). Morten Røyr / Klassekampen

Datamaskiner kan ikkje setja data inn i sosiale rammer og feiltolkar ofte verda, ifølgje Meredith Broussard.

Digitaliseringa fører til at kunstig intelligens (KI/AI) blir brukt på stadig fleire samfunnsområde. KI blir blant anna nytta av privatpersonar for å ta romantiske partnarval, av bankar for å gjera kredittvurderingar av kundar og i USA av domstolar ved straffeutmåling i rettssaker.