Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Camilla Strøm Henriksen fekk Amanda for si første filmrolle, men fann seg først til rette bak kamera:

Ho har teke filmregien sjølv

SET LYS PÅ SKJULTE LIV: Camilla Strøm Henriksens langfilmdebuterer med «Føniks» denne veka. Filmen handlar om ei ung jente som må ta foreldreansvar når både mor og far sviktar. Morten Røyr / Klassekmapen

Å bryta sjangergrensene er ei større utfordring enn å vera kvinne i norsk film, ifølgje Camilla Strøm Henriksen.

– Det tok tolv år å langfilmdebutera med «Føniks». Eg er utruleg glad for endeleg å ha fått realisert prosjektet og for at filmen finn klangbotn i publikum, seier regissør og manusforfattar Camilla Strøm Henriksen til Klassekampen.