Torsdag kveld fekk eg omsider tak i Knut Arild Hareides bok «Det som betyr noe». Boka er eit vitnemål frå ein partileiar som vil stå for det han trur på. Han vil vera mann for sitt ord. I skrivande stund er det ikkje klart om boka vil vera ein lyskastar som viser veg framover, eller eit politisk testament frå ein mann som fekk sine eigne mot seg.