Minister eller stuntmann?

Utspela til forsvarsminister Frank Bakke-Jensen er like larmande og friske som utspela til den no avgåtte fiskeriministeren, men dei er mindre kognitivt tilgjengelege, for å seie det forsiktig. Den fiendslege omtalen hans av Putin og Russland slo inn i norske media som eit veldig karsstykke. Men kva betyr eigentleg det han sa? Eit slags argument var slik: Vi i Norge er ikkje berre litt for folkeretten, vi er heilt for folkeretten. Den rimelegaste tolkinga av uttrykket «å vere heilt for folkeretten» er å innsjå at folkeretten gjeld for alle statar utan unntak. Skuldinga blir då at Russland nyttar folkeretten selektivt.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent