Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Bøker

Speglar bondestudenten

Samlaget jubilerer med den første nynorske litteraturhistoria. Her er høgstemt romantikk og beisk satire:

VEKTIG LITTERATUR: Jan Inge Sørbø har skrive «Nynorsk litteraturhistorie». Praktboka er den første i sitt slag og er gjeve ut til Samlaget sitt 150-årsjubileum. Klassekampen

«Nynorsk litteraturhistorie» er den likeframme tittelen på praktboka, men gjev han meining? Finst det ei eiga nynorsk litteraturhistorie, ei som kan forsvara å skilja ut Kristofer Uppdal og Åse-Marie Nesse frå den allmenne litteraturhistoria og samla dei i ei og same bok?

– Den nynorske litteraturen finst, slår forfattar Jan Inge Sørbø fast.

Etter å ha lært studentar litteraturhistorie og -teori i tjue år og forfatta fleire monografiar om nynorskforfattarar, er Sørbø den første til å samla nynorsk litteraturhistorie mellom to permar. Det har vorte ei fagbok som òg vender seg til lesaren som søker opphavet til nynorsklitteraturen for første gong.

Samlagsjubileum

Ein føresetnad for at vi i dag kan lesa både Uppdal og Nesse, er den nynorske infrastrukturen som tidleg var skapt rundt det nye språket.

– Ivar Aasen gjorde det mogleg å ta i bruk språklege ressursar som før hadde vore forbodne i skrift, men det fanst ingen stad å bruka desse ressursane: Ingen skular, ingen aviser, ingen forlag. I andre halvdel av 1800-talet vart det bygd organisasjonar – frå tidsskrift til ungdomslag – som òg fungerte som distribusjonskanalar for ein nynorsk litteratur, seier Sørbø.

Det Norske Samlaget var ein av desse institusjonane, og Jan Inge Sørbøs påkosta bok på to dryge kilo og nær 700 sider er tinga til forlaget sitt 150-årsjubileeum.

Boka er likevel inga forlagshistorie, men ei kartlegging av litteraturen som er skapt på det ambisiøse, norske minoritetsspråket.

Agnes Ravatn AGNETE BRUN/SAMLAGET

Sørbø strekker seg utover grensene som litteraturhistorieverk vanlegvis held seg innanfor. Her er sjølvsagt nynorskfedrar og -mødrer som Aasen, Vinje og Garborgane. Eksepsjonelle diktarar som Olav Nygard, Olav H. Hauge og Aslaug Vaa, skarpsynt kvinnelivsanalyse frå Gro Holm og Marie Takvam, og dei moderne slektssagaene til Edvard Hoem. Her er Vesaasane, Fløgstad og Fosse. Eksperimenta til Karin Moe og populære nytolkingar av populærkultur frå Ragnar Hovland og Frode Grytten.

Sørbø held i tillegg fram nynorske tradisjonar innan tidsskriftsjangeren og den filosofiske essaysjangeren frå Hans Skjervheim, salmediktinga frå Elias Blix og ikkje minst barnelitteraturen. Nynorsk barnelitteratur har vore banebrytande og ekspansiv frå Rasmus Løland til Maria Parr.

Nynorsk språk og språk

Språket er sjølvsagt det som bind dei mest ulike verk og forfattarar saman, eller?

All splittande normeringsdebatt sett til sides: Er nynorsk språk og nynorsk språk det same i moderne og seinmoderne tid? Ivar Aasen ville gje språk til bygdefolks røyndom, men for Aasens sambygding Gunnhild Øyehaug står språket mellom eg-et og livsverda, som Sørbø skriv.

– Er nynorsk språk og nynorsk språk det same?

– Både nei og ja, seier Sørbø, på typisk nynorsk vis.

Olav Nygaard Anniken C. Mohr

– Det er sjølvsagt ulike syn på kva språk er. Samstundes har kravet om retten til å uttrykka seg overlevd opp gjennom nynorskhistoria. Dei opphavlege nynorskingane var fanga i eit framand språk, dansk, som dei ville bryta ut av. Dei yngre nynorskforfattarane, dei som debuterte kring tusenårsskiftet, freistar å unngå å bli fanga i klisjeen, det meiningstømde språket. Eit generasjonsdrag litteraturvitaren Ane Farsethås har analysert, og som ein finn att utanfor nynorsklitteraturen. Nynorsklandet er vanskelegare å definera enn før.

Bygdeskittenrealismen

Sørbø hevdar at spennet mellom motseiingar er typisk for den nynorske litteraturhistoria. Det gjeld òg spennet mellom litteraturen og organisasjonane som gjorde litteraturen mogleg.

– Nynorskforfattarane har aldri «tatt instruks» frå målrørsla. Dei nynorske institusjonane dyrka eit oppbyggjeleg ideal. I Aslaug Nyrnes’ kjende analyse av familiebladet «Frå by og bygd», som kom ut frå 1912 til 1932, kalla ho idealnorma for «Det (ny)norske mennesket». Det budde på bygda, var fråhalds og lys til sinns. Forfattarane som debuterte i samtida var stikk motsette.

Kristofer Uppdal forkasta bondekulturen til fordel for rallarane. Tarjei Vesaas tok heim den kontinentale kulturpessimismen i mellomkrigstida og skreiv ut den eksistensielle nauda til ei rad sjølvmordskandidatar på bygdene. Så kom Olav Duun med sine trøndske psykopatar.

– Duun skriv grunnleggjande tvitydig, men det som er klart, er at bygda ikkje er nokon oppbyggjeleg stad. Slikt har nok røynt på for mange målfolk, men forfattarane vart omfamna av nynorskorganisasjonane som gjerne tolka dei forsonande. I nynorskpressa sine omtalar av Duun vart det episke vektlagt.

Nynorsk litteratur har frå starten slått kaldvatn i blodet på bonderomantikk. Det radikale med realisten Ivar Aasen, skriv Sørbø, var at han tok heim blikket på bygda. Han utfordra bildet av «søndagsbøndene», som urbane nasjonalromantikarar meinte å sjå på sine utflukter langs Turistforeningas merkte løyper.

Slik heiter det i «Etterstev»: «Skal alle ganga med kvita Hender,/ so kjem det Armod i manga Grender./ Skal Guten grava og stræva hardt,/ so verder Neven vel hard og svart.»

Sidan har bygda fått gjennomgå, og verst hos Tor Jonsson. Her har kollektivet, som Aasen slutta seg til, vorte Bygdedyret.

I samtidslitteraturen snakkar Sørbø om bygdeskittenrealisme, eit fenomen som ovrar seg på ulike vis.

– Vi finn det i romanane til Carl Frode Tiller, i Agnes Ravatns vestlandsthriller «Fugletribunalet» og Olaug Nilsens debut «Vi har så korte armar», der fødebygda Solheimsdalen har vorte Skoddeheimen.

I nyare nynorsklitteratur har avstanden mellom by og land vorte oppheva. Populærkultur og modernitet finst i likt monn same kor ein er, men dei gamle, ideologiske restane av bondestudentforteljinga ligg likevel i botn, ifølgje Sørbø. Han meiner det dels heng saman med at nynorskforfattarar enno i hovudsak kjem frå bygdene.

– Bondestudenten er ein djupstruktur i nynorsklitteraturen, jamvel om han/ho ikkje lenger blir tolka moralistisk. Bondestudenten gjer ei geografisk og sosial reise, og Aasen og Vinje hadde gjort denne reisa før Garborg skreiv om henne.

Reisene deira starta også den nynorske tradisjonen med å fylla litterært kvite flekkar på noregskartet frå Trysil til Jæren, Møre til Salten. Sidan har reisene gått utanlands.

Marie Takvam Oslo Museum

– Kjartan Fløgstad har reist verda over og nydefinerte på 1970-talet den norske romanen gjennom si lesing av latinamerikansk litteratur.

Nøktern og høgstemt

Av og til har nynorskingane vore opptekne med sitt. Av og til har dei introdusert internasjonale trendar på norsk.

– Nynorsklitteraturen har vore nøydd til å måla seg mot verdslitteraturen for å vera relevant, seier Sørbø.

Stundom har estetiske bølgjer synt seg seint i nynorsk. Sørbø er svak for den mest særmerkte av desse, den religiøst farga romantikken frå 1910-talet av, med ulike ordkunstnarar som Olav Nygard og Olav Aukrust. Diktarar som gjekk langt i å utvida det nynorske ordtilfanget, noko som har gjeve dei ry for å vera vanskelege.

– Eg ser på desse forfattarskapa som gotiske katedralar, noko ein kan ovundra som historiske konstruksjonar. Dei strevde mot grensa for kva språket kan uttrykka, og pressa orda mot rein klang.

Nygards musikalitet viser seg i det biletrike «Bru» frå 1913: «Eg byggjer i tru/ ei skjelvande sjulita verbogebru/ fraa trongrømde tune i dalskuggen graa/ til himelen høge og heilage blaa.»

Jon Fosse Kolstad Tom A

I dikta til Olav Aukrust kjem felespelaren og folkemusikaren fram. Litterær musikalitet går som ein tone gjennom nynorskdiktinga frå Aasen og Blix. Garborgs «Fred» tok musikaliteten inn i prosaen, der han er utvikla vidare i nyare tid av Lars Amund Vaage og Jon Fosse.

Den høgstemte ordvirtuositeten nådde ein ny topp med Henrik Rytter, som Sørbø løftar fram frå gløymsla.

– Omsetjingane hans av Shakespeare kling stundom nesten betre enn originalen, seier Sørbø.

Millenniumsmirakel

Rytter døydde i 1950, inngangen til tiåret då det nynorske parallellsamfunnet med organisasjons- og næringsliv byrja å skranta. Nynorsk skulemål vart sett under press og ein nådde nullpunktet for nynorske forfattardebutar, berre 60 på ti år. Nedturen vart kontra av ein ny opptur på 1960-talet.

– Nynorskingane samla seg om minoritetsidentieten og fokuserte på rettane den gav.

Einar Økland, Eldrid Lunden og Pål-Helge Haugen trødde fram. Den nye generasjonen kjende trong til å fri seg frå klangen av morgonandakten på radio. Høgkulturen kom under åtak. Tilbakevendinga til det enkle og til kvardagen aktualiserte òg Olav H. Hauge for dei unge.

Av 1400 nynorskdebutantar sidan 1850, har 700 debutert etter 1965! Utviklinga etter tusenårsskiftet har vore nærast mirakuløs. Medan bruksspråket nynorsk har krympa inn på nokre få reservat, blømer kunstspråket. Nynorsk finst på dei fleste forlag.

– Korleis tolkar du det?

– Når det ikkje er risiko for at nynorskingane vil ta over landet lenger, minkar motmakta. Nynorsklitteraturen representerer også framleis ein utanfor-posisjon, som er viktig for mykje kunst. Samstundes har litteraturen vorte så interessant, at mange unge forfattarar vil «melda seg inn» i han jamvel om dei ikkje har eit forhold til tradisjonen.

Klar for sak­pro­sa

Det Norske Samlaget har nett publisert «Nynorsk litteraturhistorie», men er alt i gang med å planleggja nynorsk sakprosahistorie.

– Først må eg seia at vi er svært stolte over litteraturhistoria til Jan Inge Sørbø. Det er eit prosjekt det har vorte snakka om i kanskje 50 år. Det har vore eit krafttak for forlaget, der forfattaren har fått god støtte frå Fritt Ord, seier forlagssjef Håkon Kolmannskog.

Eit tilsvarande arbeid om nynorsk sakprosa vil ikkje bli noko mindre økonomisk og intellektuelt løft, men forlaget har, ifølgje Kolmannskog, sterkt ønske om og tru på at dei skal få realisert eit slikt verk.

– Planane er på eit svært tidleg stadium, og vi kan ikkje gå ut med noko forfattarnamn enno.

For Samlaget er sakprosa viktig som forlagshistorie.

– Sakprosaen var hovudsatsinga til Samlaget dei første 100 åra. Det vart gjeve ut sentrale fagbøker som Johannes Lids «Norsk flora», eit hovudverk i norsk botanikk.

Moderne definisjonar av sakprosa byr på mange utfordringar for eit slikt prosjekt, og tilfanget av tekst femnar om alt frå Ivar Aasens pamflett om målstriden i Morgenbladet via filosofisk essayistikk og Olav H. Hauges dagbøker til Marit Eikemos «Samtidsruinar» og etikettane på Lerums syltetøyglas.

– Dette vil bli snakk om eit verk som må gjera klåre avgrensingar. Vi ønskjer også at historia skal bli fortalt som ei heilskapleg forteljing, slik litteraturhistoria har vorte, seier Kolmannskog.