Hollywood – Vatikanet
«Taushetskulturen» rundt sexovergrep i filmindustrien er no openberra.
Sist vekebrast demningen i Hollywood. Harvey Weinstein, ein av dei mektigaste produsentane i filmindustrien, har i tiår betalt seg ut av trakasseringssøksmål. Straks saka var offentleg, fløymde det over av historier frå filmstjerner. Angelina Jolie og Gwyneth Paltrow var også ein gong ukjende, talentfulle ungjenter med ein sjanse til å gjera karriere i Hollywood. Det var då dei vart inviterte på hotellrommet til Weinstein for å «snakka forretningar», berre for å bli møtt av ein pågåande mann i badekåpe. Til no har tre kvinner skulda han for valdtekt, inkludert den italienske skodespelaren Asia Argento. Vitneskildringane har fått fleire til å innsjå at filmbransjens bidrag til den allmenne arbeidsmiljøterminologien – «casting-couch syndrom» – er blodig alvor og ikkje noko ein kan trekka kynisk på akslene av.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent