I romanen «Vesaas» blir forfattaren ei merkevare, marknadsført av eit opplevingssenter til 120-årsjubileet:
Guri Kulås (tekst) og Silje Katrine Robinson (foto)
Satire: Øyvind Vågnes har lese seg gjennom Tarjei Vesaas på nytt. I romanen «Vesaas» fabulerar han lattermildt over kva norsk kulturnæring kunne fått ut av den kjende, introverte forfattaren.
I dag for 120 år sidan vart Tarjei Vesaas fødd. I Øyvind Vågnes’ satiriske roman «Vesaas» er 20. september 2017 planlagd opningsdato for eit opplevingssenter om forfattaren på heimgarden i Telemark.