«n «Høyre er rett og slett ikke til å kjenne igjen», skreiv Harald Stanghelle i Aftenposten laurdag. Angrepet hans på statsminister Erna Solberg er uvanleg krast til å komma frå det haldet. Den eine delen av kritikken handlar om at statsministeren har ført ein økonomisk politikk som er så laussleppt at den «strider mot hele ånden i Etterkrigs-Høyres økonomiske tenkning». Stanghelle sluttar seg til skuldingane frå Jan Arild Snoen i Minerva, som meiner ho er ute av stand til å prioritere og brukar pengar som «fulle Høyre-folk».
Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Bergen kommune lovar å gi fleire heile stillingar:
Trør til for jobb
Arbeidsliv
HEIL: Helse- og omsorgstilsette i Bergen skal få jobba heiltid. I tillegg lanserer kommunen ei ny kommunal vikarordning.
Heile seks av ti tilsette i helse- og omsorgstenestene i Bergen kommune jobbar deltid. Det skal kommunen no gjera noko med. Denne veka vedtar byrådet beståande av Arbeidarpartiet, KrF og Venstre ein omfattande plan for at heiltid skal bli den nye hovudregelen i kommunen og for at bruken av kommersielle bemanningsbyrå skal minimerast.