Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Nye Høgre

«n «Høyre er rett og slett ikke til å kjenne igjen», skreiv Harald Stanghelle i Aftenposten laurdag. Angrepet hans på statsminister Erna Solberg er uvanleg krast til å komma frå det haldet. Den eine delen av kritikken handlar om at statsministeren har ført ein økonomisk politikk som er så laussleppt at den «strider mot hele ånden i Etterkrigs-Høyres økonomiske tenkning». Stanghelle sluttar seg til skuldingane frå Jan Arild Snoen i Minerva, som meiner ho er ute av stand til å prioritere og brukar pengar som «fulle Høyre-folk».