Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Dokumentarist Ellen Ugelstad vil få psykiatribyråkratane til å sjå seg sjølve og pasienten som medmenneske:

Bryt byråkratiske bur

Byggjer på eiga røynsle: Kortfilmen «Møterommet» er eit svar på filmskapar Ellen Ugelstads eigne frustrasjonar som pårørande i psykiatrien.

Filmen «Møterommet» set opp ein spegel for pasientmøte i psykiatrien. Filmen er retta mot fagfolk og pårørande, men er også prisa av Dramatikerforbundet.

«Dette møtet skal vera ferdig til klokka tre», slår psykologen fast i opninga av dokudramaet «Møterommet».