Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Gutar og jenter trekk ulike lodd i den fortrylla populærkulturen.

Jentemagi

Feminin magi: Disney og Pixar fiskar i eit kulturelt djup som sett samband mellom magi og kvinner, skriv Anne Kalvig. Her filmhelten Vaiana med gudinna Te Fiti. Foto: Filmweb

Polynesisk prinsesse, halvgud og eit øyrike som eigentleg er ei gudinne – kan det bli betre? Dotter mi på fire og eg slukte kinofilmen Vaiana tre gonger, og har gått og gaula Vaiana-songar i tide og utide. Gutane i familien blei ikkje like rivne med av filmen, og det er ikkje så rart. Disney/Pixar-universet favoriserer nemleg jentene, og vidareutviklar jente-prinsesse-magi-konseptet sitt på barne-tv-kanalen Disney Junior. Korfor får små jenter og gutar så ulik populærkulturell merksemd?