Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ei ny forskrift kan gjera byen trongare for dei fleste.

Kampen om plassen

Du ser ikkje alltid klasseskilja i byen med ein gong. Eg hadde høyrt om kor delt Oslo var då eg flytta hit. Noko av det første eg gjorde, var å setja meg på t-banen for å verkeleg ta inn dei groteske skilja mellom aust og vest. Eg besøkte Smestad, Frogner og Vindern – dei dyraste adressene i landet. Eg vart skuffa. Eg hadde sett for meg palass med svømmebasseng, men husa på beste vest såg då mykje ut som heime. Der eg kom frå, var ikkje hus med hage med plass til trampoline eit teikn på ustyrteleg luksus.