Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Feminist-veteranar stiller seg bak ordninga som gir foreldre støtte til å vera heime med barn:

Vil freda kontantstøtta

HAR SNUDD: Tidlegare leiar i AKP Jorun Gulbrandsen har snudd i synet på kontantstøtta. No vil ho kjempa for ordninga som gir mor eller far økonomisk søtte til å vera heime med barn.

VIKTIG: Fleire feminist-veteranar slår ring rundt den omstridde kontantstøtta.

– Mødrer reagerer forskjellig på å få barn. Barna er ikkje like, og forholda rundt er ikkje like. Staten kan ikkje bestemma at alle med barn på eitt år skal ut i jobb. Det er ein veldig autoritær stat, seier Jorun Gulbrandsen i Raudt.