Mens utanlandske bankar i 2006 hadde ein marknadsandel i Norge på beskjedne 3 prosent, er dei i dag blitt den dominerande aktøren med ein marknadsandel på heile 76 prosent. Det viser ein gjennomgang av nær 1300 rekneskap frå 2006 til 2015, som Johannes Idsø, fyrstelektor i samfunnsøkonomi ved Høgskulen på Vestlandet, står bak.