BAK LUKKA DØR: I dag avgjer landsstyret i Kristeleg Folkeparti kva regjering dei meiner Noreg bør få ved neste val. Med seg inn i møterommet får dei ei måling som viser at KrF kan få makta til å avgjere spørsmålet.
4,9 prosent og ni stortingsplassar til KrF hadde vore fasit dersom dagens måling hadde blitt valresultatet. Sjølve tala er ikkje eigna til å imponere. Det som likevel gjer dei så viktige, er at både høgre- og venstresida i praksis er avhengige av KrF får å vinne fleirtal på Stortinget: