Emily Dickinson
Skitne lille hjerte
Dikt
Gjendikta av Tone Hødnebø
Kolon forlag 2015, 120 sider
I formidlinga og vedlikehaldet av klassikarlitteraturen gjer ein bruk av ulike strategiar. Ein kan samle 725 sider dikt i to band, slik Bokvennen gjorde då dei gav ut Emily Dickinsons «Samlede dikt» i Kurt Narvesens gjendikting i 2008 og 2009. Eller ein kan velje ut knapt hundre av dei om lag 1800 dikta hennar og plassere dei i ei lita lomme-bok med tittelen «Skitne lille hjerte», slik Kolon no har gjort med nyutgåva av Tone Hødnebøs høgt skatta Dickinson-gjendiktingar frå 1995.