Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kalypso song ved veven mens Odyssevs gret på stranda.

Gudinnehandverk

Ettertrakta: Friarane flokka seg kring Penelope. Måleri: Pintoricchio, 1509

I 1881 etablerte førtifire år gamle Mallina seg som sjølvstendig næringsdrivande «væverske» på landsbygda i Rogaland. Fram til då hadde ho vore tenestejente på ein gard, og lagt seg opp nok pengar til å kjøpa eit hus med to stover, kjøkken og loft. Så vidt eg kjenner til, var ho ikkje særleg bokleg av seg, og slapp derfor å arga seg over at verken Arne Garborg, Alexander Kielland eller Amalie Skram ville skriva om einslege kvinner anna enn når det var nokon som det gjekk gale med. Og fordi ho ikkje levde lenger enn til ein alder av åttito år, blei ho òg spart for å vita kor lite moderne historikarar interesserer seg for kvinneleg fagarbeid i førindustriell økonomi.