Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Anmeldelse

Ei visjonær kjempe

Avantgarde: Marthe Hommerstads biografi om statsmannen Christian Magnus Falsen gir lesaren eit vindauge til Noreg rundt 1800.

Grunnlovas far: Marthe Hommerstads Falsen-biografi kan bringe Falsen ut til folket – der han høyrer heime. Illustrasjon: «Eidsvoll 1814», Oscar Wergeland, 1885

Marthe Hommerstad

Christian Magnus Falsen – Stridsmannen

Biografi

Cappelen Damm 2015, 336 sider

Christian Magnus Falsen er ei kjempe i norsk historie. Dei fleste kjenner Falsen som Grunnlovas far – udødeleggjort i Oscar Wergelands ikoniske måleri frå 1885, som no heng bak Stortingets talarstol. Der ser vi Falsen ståande majestetisk framfor Riksforsamlinga i 1814. Det kanskje færre veit, er at den same Falsen berre ti år seinare vart forakta for å ha svikta ideala frå 1814. I dei politisk stormfulle åra etter 1814 gjekk Falsen inn for å styrke kongens makt og svekke Stortinget – ei dødssynd i det nye sjølvstendige Noreg under press frå den lunefulle unionskongen i Stockholm. Då Falsen døydde berre 47 år gamal i 1830, vart han ikkje minna som den visjonære statsmannen han var.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen