Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kundane skal kjenna seg skitne og uverdige.

Lokkefuglen

Gullbur: Her på Millionaire Fair i Moskva. foto: denis sinyakov, AFP/NTB Scanpix

Det var ein gong ein reklame i helgebilaget til Aftenposten som greip meg like sterkt som eit ekte kunstverk på Astrup Fearnley-museet. Kan henda minnest eg det ikkje heilt korrekt, og når eg prøver å attgje det med ord, blir det sjølvsagt endå meir feil. Men det var eit av desse duse, svart-kvitt-aktige fotografia av kjølige og fornemme unge kvinner som skal få avislesarane til å føla seg skitne og uverdige, og overtyda dei om at dei må betala det det kostar for å nå opp på eit høgare nivå.