Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Tida endrar sparebankane. Samstundes er dei enno nær tidlause.

Ålmennyttig

© illustrasjon: Knut Løvås, knutlvas@gmail.com

For nokre år sidan fekk eg stipend frå Fritt Ord og Halldor O. Opedals fond for norsk målreising og måldyrking og drog til Boston for å skriva eit essay om Johan Sverdrup. Eg fekk ordna med husvære eit steinkast unna Boston Common, den eldste offentlege parken i USA. Rett attmed ligg Chestnut Street. I nummer 38 heldt Harvard-filosofen Willard Van Orman Quine (1908–2000) hus i rundt rekna førti år. Han tykte vel om diffuse ørkenlandskap, men var sjølv ei ikjøting av presisjon. Alle artiklane og bøkene sine – om matematisk logikk og språkfilosofi – skreiv han på ei Remington skrivemaskin frå 1927. Tastaturet fekk han endra for å gje plass til logiske teikn. Då laut andre gje plass, mellom dei spørjeteiknet. I nekrologen i The New York Times las eg at han ein gong vart spurd om han ikkje sakna det? «Well, you see, I deal in certainties», var svaret.