Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Filmskapar og lærar Trygve Hagen har laga spelefilm om fråværet av lærarautoritet i skolen:

Lærarar manglar verktøy

Lærarautoritet: Trygve Hagen er lei av at folk forvekslar autoritet og grensesetting med det å vera autoritær. – Ein treng ro i klasserommet for å skapa læring, seier filmskaparen, som sjølv er medielærar i Lørenskog.

– Få ut mobiltelefonane frå klasseromma og få inn reglar som gjev lærarane sjølvrespekt og autoritet til å undervisa, seier lærar og regissør Trygve Hagen.

Trygve Hagen har ei lang merittliste som filmklippar på kjende, norske filmar gjennom 20 år. Han har også laga den kritikarroste novellefilmen «Naustet», etter Jon Fosses gjennombrotsbok.