Strid: Små fiskeprodusentar avviser Tveterås-utvalet sitt tilbod om å eige fiskekvotar. Dei vil heller overføre kvotar frå dei store trålarane til kystflåten. Kravet får støtte frå Finnmark fylkesting.
Krava frå dei 30 bedriftene i Fiskekjøpernes Forening og Finnmark fylkesting er komne på bordet i samband med Tveterås-utvalet sine forslag som no er ute på høyring.