Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Aksepterer Røkke-krav

VANN FRAM: Kjell Inge Røkke-kontrollerte Aker Seafoods protesterte mot aktivitetsplikta, og får støtte frå regjeringa. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

FISKE: Solberg-regjeringa avviser ein anke frå Hammerfest kommune og godtek at Aker Seafoods sin aktivitet i fiskeindustrien i Hammerfest blir redusert.

Avslaget vart handsama av Kongen i statsråd på fredag. Dermed er det endeleg avgjort at Røkke-selskapa i Aker Seafoods kan flytte produksjonen frå Rypefjord til Forsøl i Hammerfest kommune.