Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ny dokumentar om sovjetisk krigsfange blir vist under filmfestivalen Kosmorama i Trondheim:

Han berga seg med song

Konsert: Igor Trapitsin (i midten med gitaren) syng i Brønnøysund på ein konsert i mai 1945. Fotoet er Trapitsins eiget.

Konsentrasjonsleir, tvangsarbeid og venskap med den seinare spionen Gunvor Galtung Haavik er berre nokre av opplevingane Igor Trapitsin omskapte til song.

I maidagane 1945 var opp mot tre og eit halvt år med slavearbeid over for sovjetiske krigsfangar i Noreg. Blant dei mange som vakla avmagra ut i fridomen, var den 27-årige Igor Trapitsin. Ein mann som framleis blir hugsa på Helgelandskysten.