Tastens tidsalder
Eg veit at det fanst liv før tastetrykket.
Påstanden om at bøker er «ut», kom som NRK-nyheit denne veka. Folk les på brett nå, hevda ei nettsak som sende blikket mitt rett til endetidshylla. «Romarrikets vekst og fall». «Crisis of Civilization». «Living in the End Times». Historia er rik på sivilisasjonssamanbrot. Etterpå eller før skriv nokon bøker om dei. Den romerske sivilisasjonen skal ha falle fordi drikkevatnet til byen gjekk i blyrøyr. I dei ferske endetidsbøkene undergrev klimakrise, sosiale skilnader og finansiell nedsmelting den verda vi kjenner, dersom vi ikkje legg om. «Vi» er her menneskeheita. «Leggja om» betyr å slutta med fossilt brensel og alt det andre.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn
