
Yan Lianke
Hard som vann
Omsett av Eilif Nordheim
Cappelen Damm forlag 2026, 392 sider
Det kristne tabuet rundt sex gjorde at kunstnarar gjennom det meste av vestleg kunsthistorie berre kunne nærme seg erotikken gjennom symbol. Det gjekk mykje i frukt og grønt, har eg skjøna – slik det framleis gjer når emojiar blir brukt i såkalla sexting. Tenk om tabuet ikkje handla om sex, men at vi tvert om måtte granske dampande tablå med glinsande lepper, puppar og pikkar for å avkode bodskapen kunstnaren eigentleg vil ha fram. Det er på sett og vis ei slik øving kinesiske Yan Lianke innbyr til i romanen «Hard som vann», som kom ut på kinesisk i 2001 og no ligg føre på bokmål.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn


