Apropos den nye tryggingsavtalen mellom USA og Danmark/Grønland og dei feststemte reaksjonane på denne: Det er freistande, på bakgrunn av opplysingane om avtalen i Aftenposten av 24. september, å gjere eit tankeeksperiment: Sett at det i dag, etter lengre tids truslar om annektering av Svalbard, blei lagt fram ein avtale mellom Norge, Sysselmannen på Svalbard og Russland, der det går fram a) at Russland har rett til fri bruk av Svalbards territorialfarvatn og landområde, ressursane i området, b) at Russland skal få modernisere militærbasane sine i Prins Karls Forland og Billefjorden og få rett til å opprette nye basar i Kongsfjorden og Krossfjorden, c) at uansett eventuell endring i Svalbards politiske status skal landet for alltid bli verande som medlem av den russisk-europeiske militære alliansen, og d) at avtalen gjeld til evig tid, og endeleg e) at avtalen fullt ut respekterer kongeriket Norges nasjonale suverenitet.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn
