Tre menn i lusekufte prøver å dra ei telemarksku inn på utstillingsplassen. Ho rikkar seg ikkje. Til slutt må mennene gje opp.
På Dyrsku’n i Seljord er det dyr, gravemaskiner og traktorar som trekkjer titusenvis av besøkande. Raudt-leiar Marie Sneve Martinussen er her for fyrste gong. Ho vil gjerne klappe ei ku, men får eit kontant nei frå tryggingsvakta.
Blant dei tobeinte ser mottakinga ut til å vere betre. Fleire vil bort og helse.
– Du er så flink, seier mjølkebonde og Raudt-medlem Ottar Flatland.
Tidlegare landbruksminister Bård Hoksrud frå Frp vert møtt med sukking frå publikum, medan både Martinussen og Trygve Slagsvold Vedum haustar applaus for innlegga sine.
Ved stortingsvalet i fjor tok Frp likevel over plassen til Sp som det nest største partiet i distrikta.
Ei ny bok syner at partiet Raudt no har fått eit breiare geografisk fotfeste. Medan fleire parti har ein tydeleg byprofil, har Raudt no støtte både i dei mest sentrale kommunane og langt ute i distrikta.
– Me er stolte av at Raudt har vakse som parti i distrikta, seier Martinussen.
Eit nytt veljarkart
I den nye boka «Konflikt og mobilisering. En studie av stortingsvalget 2025» undersøkjer forskarane korleis geografien pregar norsk politikk. Forskarane teiknar eit bilete kor norsk politikk blir tredelt:
- Venstre, Høgre, SV og MDG er byparti.
- Senterpartiet, KrF og Frp står klart sterkast utanfor byane.
- Raudt og Arbeidarpartiet har jamn støtte i by og land.
– Skilnaden mellom by og land er tydelegare enn han har vore tidlegare. Det som særleg skil seg ut no, er Oslo. MDG, SV, Høgre og Venstre har blitt byparti, seier valforskar Johannes Bergh, ein av redaktørane for boka.
Raudt har tidlegare hatt ein veljarmasse som likna meir på SV og MDG, med unge og høgt utdanna i byane. No gjer partiet det betre utanfor byane og blant folk utan høgare utdanning, seier Bergh.
– Eg tenkjer at det er ei viktig forklaring på at Raudt har blitt større enn SV. Dei har klart å breie seg ut.
I distriktskapittelet i boka syner forskarane at Raudt får 6,7 prosent i dei minst sentrale kommunane, mot 6,2 prosent i dei mest sentrale. SV har eit langt tydelegare byfeste: 9,2 prosent i dei mest sentrale kommunane og 4,3 prosent i dei minst sentrale.
Nokre av dei sterkaste Raudt-resultata kom langt frå storbyane. Ved stortingsvalet i fjor fekk partiet 32,2 prosent i Karasjok og 20,2 prosent i Kautokeino. I Kåfjord i Troms var resultatet 11,7 prosent, og i Høyanger i Sogn 10,9.
Statsvitar Jonas Stein knyter dei sterke resultata i Karasjok og Kautokeino til samepolitikken.
Martinussen meiner partiet har funne fram til spørsmål som bind arbeidsfolk i by og bygd saman.
– Levekostnader, straumprisar og matprisar er eit problem for folk med dårleg råd og folk med heilt vanleg råd, uansett kvar dei bur. Det er vi meir opptekne av enn kulturspørsmål som skil by og bygd.
Nærare ressursane
Statsvitarane Jonas Stein og Troy Saghaug Broderstad har skrive distriktskapittelet. Dei finn at veljarane i distrikta er meir nasjonalt orienterte og meir skeptiske til EØS enn veljarane i byane. Forskjellane står ved lag også når forskarane tek omsyn til mellom anna utdanning og alder.
Det betyr ikkje at distriktsveljarane har blitt meir høgreorienterte i økonomiske spørsmål. Det er særleg synet på forholdet mellom Noreg og omverda som skil.
Stein peiker på at geografiske skilnader i partistøtte både handlar om kven som bur kvar, og kva politikk partia fører. Venstre, MDG og SV har mange veljarar med høgare utdanning, ei gruppe det bur fleire av i byane.
– Det andre har med politikk å gjere: om ein er meir oppteken av globale spørsmål enn av nasjonale, seier han.
Han meiner Raudt medvite har arbeidd for ein breiare profil, og trekkjer mellom anna fram motstanden mot vindkraft.
«Folk opplever ofte at makta er ein annan stad.»
— Marie Sneve Martinussen, leiar i Raudt
For Martinussen heng nasjonalt sjølvstyre saman med kven som skal bestemme over krafta og naturressursane.
– Bur du ein stad der du er tettare på naturressursane og den typen verdiskaping, kan det hende det òg er viktigare for deg at ein har nasjonal kontroll over det.
Ho meiner òg avstanden til makta kan vere med på å forklare kvifor desse spørsmåla veg tyngre i distrikta.
– Ein opplever ofte at makta er ein annan stad. Då kan ein irritere seg over at makta nokre gonger finst i Oslo, men det er endå verre dersom ho blir flytta ut av landet og endå lenger bort.
Kan skape splitting
Johannes Bergh fortel at denne utviklinga gjer at Raudt framover kanskje må leve med nokre av dei spenningane som lenge har heimsøkt Arbeidarpartiet.
– Blant veljarane til Raudt er det mange som er veldig opptekne av klima og har ei meir internasjonal orientering. Der ligg det ein motsetnad som liknar på det vi har sett i Arbeidarpartiet i mange år.
Martinussen har ikkje sett tendensar til ein slik konflikt, og Raudt-leiaren ser heller ikkje eit skilje som kan kløyve partiet.
– Standpunkt som å ta kontroll over krafta eller seie nei til vindkraft er nokre av dei som samlar heile Raudt aller sterkast. Noreg er òg fint på den måten at veldig mange som bur i byen, eigentleg ikkje kjem derifrå, seier ho.
Kvelva spannet
På Dyrsku’n skal Marie Sneve Martinussen konkurrere i mjølking med dei andre toppolitikarane. Dei er delte inn i lag og skal få mest mogleg mjølk i spannet innan tida er ute.
Landbruksminister Nils Kristen Sandtrøen og Trygve Slagsvold Vedum markerer seg som dyktige mjølkarar. Høgre-leiar Ine Eriksen Søreide og Martinussen klarer seg òg greitt.
Så, med eit skarpt raut, rører telemarkskua plutseleg på seg. Ho sparkar til spannet. Mjølka renn ut, og laget til Martinussen taper klart.
– Ganske urettferdig, eigentleg, seier Raudt-leiaren.

Høyrebølgen blant unge kan bli varig




