Når styresmaktene ynskjer «velkomen inn», svarar villreinen med å trekke seg vekk. Det er kjernen i problemet: Noreg seier at villreinen skal reddast, men marknadsfører samstundes fleire av leveområda som reisemål.
Fram til 2003 var «kommersiell turisme» forbode i Jotunheimen, Saltfjellet-Svartisen og Reisa nasjonalparkar, med unntak for DNT si verksemd. Då forbodet vart oppheva, og Fjellteksten kom same året, vart døra opna for meir reiseliv i verneområda. Det markerte eit skifte: Nasjonalparkane skulle ikkje berre verne natur, men også brukast meir aktivt i lokal verdiskaping.
Problemet er at reiselivet får bruke vernet som merkevare, medan naturen og dyrelivet sit att med rekninga.
Jotunheimen nasjonalpark viser korleis dette skiftet fungerer i praksis. Nasjonalparken blir brukt aktivt i marknadsføring av regionen, og både kommersielle aktørar og friluftsorganisasjonar sel turar, ruter og opplevingar med nasjonalparken som trekkplaster. I sosiale medium kan det verke som det er fritt fram å gjere som ein vil i naturen – til alle årstider. Naturen blir ein leikeplass for oss menneske, med dyrelivet som kulisse.
I vernereglane står det at all ferdsel skal skje varsamt og ta omsyn til vegetasjon, dyreliv og kulturminne. Organisert ferdsel eller ferdselsformer som kan skade naturmiljøet, må ha særskilt løyve av forvaltningsstyresmakta. Men kvar set vi grenser for kva som ikkje er varsamt og ikkje til skade for naturmiljøet? Og korleis kan ein få oversikt over alle dei ulike nasjonale og internasjonale aktørane som tilbyr aktivitetar i nasjonalparken?
Ei undersøking utført av UMB viser at om lag halvparten av norske naturbaserte reiselivsverksemder tilbyr guida eller tilrettelagde aktivitetar i eller ved nasjonalparkar. 40 prosent av utanlandske bilturistar i Noreg besøker ein nasjonalpark og den utanlandske medlemsmassen til DNT aukar sterkt.
Mest besøkt er Hardangervidda, Jostedalsbreen og Jotunheimen. Kven tek ansvar for den samla ferdselen?
Allemannsretten er lovfesta i friluftslova og gjev alle rett til å ferdast fritt til fots og opphalde seg i utmarka og til å hauste av naturen. Retten gjeld òg i norske nasjonalparkar. Problemet oppstår når allemannsretten blir gjort til ei kommersiell vare i sårbare område. Dei fleste utanlandske nasjonalparkar har andre reglar.
«Naturen blir ein leikeplass for oss menneske, med dyrelivet som kulisse»
Då New York Times vinteren 2019 presenterte Jotunheimen for eit internasjonalt publikum, var det nett den unike ferdselsretten i nasjonalparken som vart løfta fram. I reportasjen «The home of the giants is for you too» kunne reporteren, etter ni døgn i telt, tilrå millionar av lesarar ein tur til Jotunheimen National Park. Ho skildra den norske fjellverda som eit verdsprodukt!
Det er tankevekkande at nasjonalparkane i Sør-Noreg, som er leveområde til villreinen og mange andre høgfjellsartar, kan marknadsførast heilt fritt.
I 2015 lanserte Klima- og miljødepartementet merkevara «Velkomen inn». Nasjonalparkforvaltninga skulle omstillast frå ei rolle som vaktar av naturen til ei rolle som vertskap. Samstundes vart naturrettleiing i verneområda svekka som offentleg oppgåve, og i stor grad kommersialisert og knytt til besøkssenter og opplevingstilbod. Då blir spørsmålet: skal formidlinga tene vernet eller besøket?
Nokre år tidlegare erstatta ein lokal forvaltningsmodell statleg nasjonalparkforvaltning. Interkommunale nasjonalparkstyre vart oppretta med mål om at lokal kunnskap ville styrke forvaltninga. Ei utfordring er at verneverdiane må tole skiftande politisk fleirtal, lokale næringsinteresser og press om meir bruk. Difor treng nasjonalparkstyra tydelege rammer når omsynet til villrein kolliderer med lokale ynske om meir aktivitet og inntekter.
I mange nasjonalparkar legg auka bruk og nye former for friluftsliv press på forvaltningsapparatet. Når Hardangervidda vert marknadsført som verdas beste område for kiting på snø, har det konsekvensar for dyrelivet, ikkje minst for villreinen. Når nedlegging av parkeringsplassen ved Spranget i Rondane møter sterke protestar, ser vi kor vanskeleg det blir straks villreinomsynet får praktiske konsekvensar.
For villreinen handlar alt om areal og ro. Eit leveområde kan gå tapt utan at det blir bygd ned. Når ferdselen blir større, sluttar villreinen å bruke området. Der styresmaktene ynskjer «velkomen inn», er reinens tause svar å trekke seg vekk. Difor er ferdsel også arealinngrep.
Slagordet «velkomen inn» har ein positiv klang og gode intensjonar. Behova til reinen skal løysast med «villreinvenleg ferdsel», det nye omgrepet som vart teke i bruk i stortingsmeldinga om villreinen. Norsk naturforvaltning har lenge prøvd å seie ja til både meir bruk og betre vern. Dei tillèt jamt nye aktivitetar og inngrep, og dei freistar å balansere auka belastning med informasjon og mjuke tiltak. I villreinområda er det ikkje lenger mogleg.
Nye omgrep hjelper ikkje villreinen. Dersom forvaltninga av norsk natur skal vere kunnskapsbasert, slik styresmaktene seier, må det meir enn noko gjelde i nasjonalparkane. Der må vernet vere meir enn ei merkevare og forvaltninga må tore å bruke sterkare lut!


