Solveigs salt

Raudt kort

Folk er ikkje meir ulike enn at dei kan ha felles reglar for forball.

I veka som var ringde den amerikanske presidenten Donald Trump til fotballpresidenten Gianni Infantino og bad han gripa inn og fjerna det raude kortet som dommaren gav spissen på laget til USA, Folarin Balogun, under sekstandedelsfinalen. For elles ville han vera utestengd frå neste kamp. Og Infantino ville gjerne hjelpa til, skulle berre mangla, når det var sjølvaste Trump som bad! Etterpå takka Trump han på sitt eige sosiale medium, «Truth Social», for å ha gjort det rette.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Solveigs salt

Undset- paradokset

Sigrid Undset blei fødd i 1882, i ein forskarfamilie der mora hjelpte faren med å laga plansjar til dei arkeologiske førelesingane hans. Dei tok henne med til universitetet før ho kunne gå, og det første ordet ho sa, skal ha vore «skafthulløks». Det gav henne ein kulturell kapital som kom vel med sidan. Ikkje så med barna til Paul Selmer i «Gymnadenia» (1929) og «Den brennende busk» (1930). Trass i at mor hans er like framstegsvenleg som begge Undset-foreldra til saman, eller kanskje snarare på grunn av det, søkjer han mot ein gamalvoren katolisisme der kvinnene har det best når dei får vera heime med barna. Når kona rømmer frå ekteskapet, skuldar han på synd og forfall i samfunnet, og prøver å bøta på det med bøn og faste. Han tek ofte ungane med i kyrkja, men aldri på jobb, endå han har ei leiande stilling i steinbransjen og kunne ha gjeve dei rennefart inn i geologien.

Sankta Sigrid

Nedst nede i eit skåp i eit støvete soverom i huset som stod tomt etter farmor og farfar, låg det eit uinnbunde, halvt oppløyst eksemplar av «Gymnadenia» og skrevde med opne sider. Eg samla dei opp som eit dyrebart oldtidsfunn og la dei andektig på eit bord. Den arkeologiske utgravinga stadfesta den munnlege overleveringa, det vil seia at farmor hadde sjølv fortalt meg at ho dumpa Sigrid Undset då katolisismen tok overhand. Men eg, som hadde arva dei samla verka i skinnband og gullsnitt til og med «Olav Audunssøn», var blitt så omvend av å lesa dei at det var rett før eg gjekk i kloster. Å oppdaga neste fase i forfattarskapen, fattig og fillete og på botnen av eit skåp, var nesten like underfullt som plutseleg å snubla over sandalane til Jesus. Dei fleste Undset-entusiastar opplever «Gymnadenia» og oppfølgjaren «Den brennende busk» som ein nedtur etter mellomalderromanane, langdryge forsikringar om Guds eksistens med liten litterær verdi. Og då den religiøse rusen ebba ut, miste eg òg interessa for dei.

Slaven som helt

Då det blei sett opp skotpremie på Håkon jarl, hadde han allereie mist hirda si og hadde berre ein einaste mann att, trælen Kark. Den siste natta dei levde, sat dei samankropne i ei jordhole som Kark hadde grave ut under ein grisebinge. Begge to var i sterkt sinnsopprør. Håkon var redd for at trælen skulle svika han, og insisterte på at dei heilt frå fødselen var knytte saman i tett lagnadsfellesskap. Dersom han sjølv blei drepen, var det slutten for Kark òg. Kark, som fram til no berre hadde eksistert som ein lem på kroppen til Håkon, tok derimot til å sjå for seg ei framtid på eigne bein. Det blei det ikkje noko av, for då Kark tok hovudet til Håkon med til kongen for å innkassera dusøren, blei han avretta på staden.