I det nordlege Colombia, der det karibiske hav rullar inn over sandstrendene, ligg byen Santa Marta. Her reiste ein delegasjon frå Noreg våren 2026 for å diskutera vegen vekk frå olje, gass og andre fossile energiformer.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen styrer i motvind. Mens klima og miljø stod høgare på dagsorden for nokre år sidan, har krigen i Ukraina og Midtausten gjort den norske olja og gassen viktigare – og jobben til norske klimaministrar vanskelegare.
– Han er oljevennleg
Det overordna bildet er at klimagassutsleppa ikkje blir kutta så mykje ned som norske ambisjonar skulle tilseia, på Eriksens vakt.
Men at statsråden sende statssekretær Astrid Hoem til Colombia for å diskutera vegen vekk frå olja, vakte sterke reaksjonar i Energidepartementet, som forvaltar olje- og gasspolitikken.
Det seier olje- og klimaekspert Anne Karin Sæther.
– Han er ein oljevennleg klimaminister, men Eriksen sørga for at Norge deltok på Santa Marta-konferansen. Det er utruleg viktig at me signaliserer at me står ved våre internasjonale klimaforpliktingar, seier Sæther.
Ho har skrive to bøker om norsk olje- og klimapolitikk og jobbar i dag i Norsk klimastiftelse, og følger nøye med på kva statsråden får til. På toppmøtet i Colombia blei det diskutert eit vegkart vekk frå fossile energiformer, som den norske olja.
– Norge var trass alt med på vedtaket under FNs klimatoppmøte i Dubai om at verda skal bort frå kull, olje og gass. Men det var ikkje ei forventing om at me skulle vera med å dra det lasset, seier Sæther.
Små skritt rett veg
Andreas Bjelland Eriksen er yngstemann i regjeringa, men tek igjen for det ved å vera hardtarbeidande og fagleg sterk. Han har vore statssekretær ved Statsministerens kontor og Olje- og energidepartementet, før Jonas Gahr Støre gav han plass rundt kongens bord. Sidan oktober 2023 har Eriksen vore klima- og miljøminister.
Han er utdanna siviløkonom, og har også gjort ferdig 1. til 3. avdeling på jusstudiet. Han kjem frå ein Ap-familie, og har vore fylkesleiar i AUF i Rogaland.
«Eg ser nederlag. Og forsiktige anslag.»
— Truls Gulowsen, Naturvernforbundet
Men til trass for kometkarrieren er klima- og miljørørsla skuffa over kva han har utretta.
– Eg ser nederlag. Og forsiktige anslag som ikkje går langt nok, seier Truls Gulowsen, leiar i Naturvernforbundet.
Han trekk fram fiskeforbodet i Oslofjorden som den største og modigaste sigeren til Eriksen.
– Eg trur han forstår utfordringa på natur og klima. Han seier mykje fint, men så verkar det som han er meir fornøgd med å halda laget saman. Eg er redd det skuldast stemninga i regjeringa, seier Gulowsen.
Gapet aukar
Det store bildet er at regjeringa ligg langt bak ruta for å nå dei kuttmåla Noreg har forplikta seg til, både gjennom Paris-avtalen og ein eigen avtale med EU. Dagleg leiar Stig Schjølset i miljøstiftinga Zero meiner utsleppskutta går alt for sakte, utan at han vil lasta Eriksen fullt ut for det.
– Klimaministeren skal sleppa å ta heile skulda, men det er eit uttrykk for regjeringas politikk, seier Zero-leiaren.
Han gir Eriksen skryt for å levera mange viktige saker som vil kutta i klimagassutsleppa. Han har også klart å få gjennom endringar trass i usemje mellom Klima- og miljødepartementet og Energidepartementet, poengterer han, og viser til innføringa av eit nytt klimakrav til offshorefartøy.
– Det kjem også krav om nullutslepp på anleggsplassar. Ingen av desse forskriftsendringane er veldig populære. Det er godt politisk handverk over tid, seier han.

Tale Hungnes er leiar i Framtiden i våre hender. Ho er også uroleg for at utsleppsgapet aukar, men ho òg løfter fram at Eriksen trass alt får til viktige ting på sitt felt.
– Me vil gi klimaministeren kred for matsvinnlova, som han har vore heilt instrumentell for å få på plass. Den trer i kraft mot slutten av 2026 og me ventar at den vil både kutta sløsing med mat, kutta utslepp og bidra til mattryggleik for folk i Norge, seier ho.
Manglar makt til å kutte
Mange smilte litt då statssekretæren i Olje- og energidepartementet dukka opp som ny klima- og miljøminister. Men kanskje er det ein fordel å kjenna tankesettet i Akersgata 59 for å få til litt. Anne Karin Sæther trur det. Ho synst Eriksen framstår som engasjert og oppriktig, men som klima- og miljøminister har han lite makt, sjølv om han lagar ei klimamelding.
– Det er energiministeren og finansministeren som har mest makt over klimapolitikken. Eriksen skal jobba med natur, og der har han fått til mykje, men det er Energidepartementet som sit med alle verktøya og ansvaret for både fornybar energi, olje og gass. Der er det eit svært mektig byråkrati, seier ho.
Ho meiner det viktigaste Eriksen kunne gjort, som han ikkje har gjort, er å innføra eit mål for kor mykje av klimagasskutta som skal takast nasjonalt. Tidlegare klima- og miljøminister Espen Barth Eide ivra for eit såkalla omstillingsmål.
– Eit nasjonalt mål ville gitt føreseielege krav til kor mykje me skal kutta kvart år framover, og lagt meir press på industrien, landbruket, oljebransjen og andre. No er det uvisst kor mykje som takast med kvoter og kor mykje me faktisk skal kutta. Eg veit ikkje om han har forsøkt å kjempa for det. Men det var synd. Mange inkludert LO ville ha det, seier Sæther.
Juryens dom
Andreas Bjelland Eriksen: Dømt til å tape
Det er ikke Andreas Bjelland Eriksens feil at han sjelden får innkassere store politiske seire. Det politiske spillbrettet er innrettet slik at det blir nesten umulig for ham å vinne.

For det første: Alle store saker drøftet av statsministeren og finansministeren før fagstatsråden får sagt sitt. Slik er det i alle regjeringer, men i Støres ettpartiregjering er denne loven ekstra streng. Har en sak stor betydning, kan du banne på at Jonas og Jens-duopolet avgjør saken høyt over hodet på resten av kollegiet.
For det andre: Hensynet til arbeidsplasser i olje- og gassnæringen ligger i Aps DNA. Ap-ledelsen er livredd for å bli oppfattet som aktivistiske i klimapolitikken. Den frykten avtar ikke akkurat når Frp gjør kampen mot «svindyre og symbolske klimatiltak» til en hovedsak. Vi må skape før vi kan dele, pleier Stoltenberg å si. Lett omskrevet gjelder det også på Eriksens politikkfelt: Vi må skape klimagassutslipp før vi kan kutte dem.

For det tredje: Klimapolitikk er presset langt nedover på den politiske dagsorden, ikke bare i Norge, men i resten av verden. Det skyldes framfor alt faren for europeisk storkrig, som har gjort olje- og gassproduksjon til et spørsmål om nasjonal sikkerhet. Klimaminister Espen Barth Eide klarte i sin tid å få gjennomslag for et klima-statsbudsjett kalt «Grønn bok». Det er tvilsomt om det ville latt seg innføre i dag.
For det fjerde: Arbeidsdelingen blant de rødgrønne gjør at jobben til miljøministeren i stor grad er outsourcet. Bare det siste året er det faktisk vunnet noen miljøpolitiske seire i Norge: Forbud mot utvinning av mineraler fra havbunnen, økning i Enova-støtta, milliardløft til skogvern og krav om nullutslipp fra offentlige byggeplasser, for å nevne noe. Problemet er at det er MDG, SV og Rødt som har kranglet disse gjennomslagene på plass i forhandlinger med Ap. Dermed får Eriksen aldri stå igjen som en vinner i regjeringen.
Juryen har bestått av ansvarlig redaktør Mari Skurdal, politisk redaktør Bjørgulv Braanen og nyhetssjefene Anna Krokene og Lars Vegstein.
