Kari Kristensen har delt denne artikkelen med deg.

Kari Kristensen har delt denne artikkelen

Bli abonnent
Streik

Aker Solutions tar krafta ut av reinhalds­streiken

Aker Solutions og fleire andre bedrifter leiger inn andre reinhaldsselskap mens streiken held på. Det er djupt umoralsk, slår LO-topp Brede Edvardsen fast.

Hjula i gang: Hos Aker Solutions på Stord blir verftet halde reint med ein annan underleverandør – samstundes som selskapa som til dagleg har reinhaldsarbeidet, er i streik. Biletet er frå eit anna høve. Foto: Martin ÅrsethHjula i gang: Hos Aker Solutions på Stord blir verftet halde reint med ein annan underleverandør – samstundes som selskapa som til dagleg har reinhaldsarbeidet, er i streik. Biletet er frå eit anna høve. Foto: Martin Årseth

50 reinhaldarar som til dagleg held Aker Solutions på Stord reint, er for tida tatt ut i streik. Men samstundes som reinhaldarar i selskapa 4 Service og Toma Facility, som jobbar for Aker Solutions, streikar, har Aker Solutions inngått avtale med eit anna reinhaldsfirma og får mykje av reinhaldet likevel utført.

Norsk Arbeidsmansforeining, som er i streik, reagerer kraftig på at eit anna selskap, som ikkje er i streik, er henta inn for å utføra reinhaldet.

– Det er djupt umoralsk, seier forbundsleiar Brede Edvardsen i Norsk Arbeidsmandsforbund (LO), der i overkant av 800 medlemmar streikar.

Avisa Sunnhordland omtalte saka fyrst.

Ifølge Edvardsen er ikkje Aker Solutions aleine om å henta inn andre selskap til å utføra streikebelagt arbeid.

«Me er i ei gråsone.»

— Brede ­Edvardsen, leiar i Norsk Arbeidsmandsforbund

– Dette er omfattande. Me får mange rapportar om det kvar dag. At NHO-organiserte bedrifter tilbyr å utføra streikebelagt arbeid for konkurrentane som er i konflikt, synest me er hårreisande, seier han.

Også Verkstadklubben i Aker Solutions, som organiserer medlemmar i Fellesforbundet, har reagert kraftig.

Er i ei gråsone

Fordi Aker Solutions kjøper reinhald hos ein underleverandør og ikkje sjølv er i konflikt med Norsk Arbeidsmandsforbund, dreier saka seg ikkje om streikebryting, juridisk sett, ifølge Edvardsen. Det ville det ha vore dersom reinhaldarane jobba for Aker Solutions.

– Me er i ei gråsone. Me meiner at dette ikkje er innanfor, sjølv om det ikkje er straffbart. Eg synest at Aker Solutions kunne latt vera, seier Edvardsen.

– Er dette så omfattande at streiken ikkje har effekt?

– Den har effekt, men den blir svekka ved at streikebelagt arbeid blir utført. Me kan ikkje gjera så mykje med det, men me er ikkje glade for det.

– Reinhald er avgjerande

Odd Naustdal, kommunikasjonssjef i Aker Solutions på Stord, stadfestar at dei har henta inn ein ny leverandør av reinhald mens selskapa dei normalt brukar, er i streik.

– Me meiner me er innanfor spelereglane for arbeidskonflikt når ein sjølv ikkje er part i konflikten. Me har respekt for at det er ulike syn rundt dette, seier Naustdal og legg til:

– For vår del handlar det om å ta i vare forsvarleg drift og HMS ved verftet på Stord. Me har sendt folk på heimekontor og stengt fleire kantiner og kontorbygg, men me må gjera det som skal til for å ha forsvarleg drift og vidareføra prosjektaktiviteten, seier han.

– De kunne ikkje hatt verftet i gang utan dette reinhaldet?

– Det er vanskeleg å spekulera i konsekvensar. Reinhald er avgjerande for å drifta den store operasjonen me har.

– Det viser kor viktig reinhaldarane er?

– Ja, absolutt.

Stord Reinhald AS er selskapet som er leigd inn av Aker Solutions mens streiken held på. Dagleg leiar Solveig Skulstad ønsker ikkje å kommentera saka.

Krev forskottering

Det er kravet om at arbeidsgivar skal forskottera for sjukepengar, som har utløyst streiken i reinhaldsbransjen – slik som i restaurant- og hotellstreiken.

Det har lenge vore ei vanleg ordning i store delar av norsk arbeidsliv at arbeidsgivar forskotterer for sjukepengar og får pengane refundert av Nav når sjukepengesøknaden er handsama. Fellesforbundet gjorde saka til eit hovudkrav i årets lønnsoppgjer og fekk gehør hos Norsk Industri i frontfagsforhandlingane. Også i andre oppgjer har retten om forskottering av sjukepengar komme på plass i vår.

I Aker Solutions har det vore praksis å forskottera for sjukepengar også før det blei ein rett i tariffavtalen.

Lyst å lese mer fra Klassekampen?

Bli abonnent

Du kan enkelt registrere deg med

Innenriks

For reineierne er gjeter­dronen den største revo­lu­sjonen siden snøscoo­teren.

Palestina

En uke før omstridt markering har ikke arran­gø­rene svart på om de vil vise støtte til Hamas, Iran eller vold mot sivile.

Arbeidsliv

Modellen LO har gått for, må ligge til grunn når AFP skal diskuteres, mener leder i Arbeids­mands­for­bundet.