Statsbesøk frå india 18. mai
Petisjon for rimeleg naboskap Til rette vedkomande,
I samband med det fyrste indiske statsvitjinga til Noreg på tri og fyrti år hev det synt seg naudsynt å minna um at norsk jord i utgangspunktet er tiltenkt fredeleg samkvem mellom folk, og ikkje som mellombels filialkontor for uløyste sørasiatiske grensespursmål.
Det skal sjølvsagt vera høve til å demonstrera i eit fritt land. Dette er ei høg og verdfull ordning, som Kongeriket Noreg velvillig stiller til rådvelde jamvel for menneske som elles synest å ha eit noko skiftande forhold til kor mykje fridom religiøse og etniske minoritetar bør få nyta i eigne heimtrakter.
Like fullt må det kunna nemnast at slagordet «Fri Kashmir» fær eit visst preg av administrativ forvirring når det vert framført mot representantar for ein stat som alt reknar Kashmir som ein integrert del av den indiske republikken og hennar grunnlovsfesta orden.
Det må i denne samanheng høvisk minnast um at India vert styrt etter ei av verdas lengste og mest omfattande grunnlover – eit dokument so vidfemnande at det truleg kunde sysselsetja demonstrantane åleine i fleire vintersesongar dersom dei fyrst tok seg føre å lesa det. Grunnlova hev gjennom fleire tiår halde saman eit samfunn av eit slikt omfang at sjølve Oslo Sporvegar ville ha kravt internasjonal bistand berre ved tanken.
Det kunde difor vera av ein viss offentleg interesse um delar av demonstrasjonsiveren òg vart nytta på tilhøva for ahmadiyya-muslimar, hinduar, kristne og andre minoritetar i Pakistan, som stundom hev hatt mindre vern i kvardagen enn demonstrantane no hev under norsk politioppsyn i Oslo sentrum.
På dette grunnlaget vert det audmjukt bede um:
at demonstrasjonar vert haldne innan ramma av vanleg folkeskikk og moderat desibelnivå,
at norsk gjestfridom ikkje vert mistydd som permanent utleige av historiske konfliktar,.
Deepika Rai