DebattBydelsreform i oslo

Kulturskolen blir mer tilgjengelig

Kunst og kultur er avgjørende for barn og unge, og bidrar til fellesskap, mestring og tilhørighet. I forbindelse med bydelsreformen foreslår byrådet å flytte kulturskolen til bydelene. Det gjør vi for å styrke tilbudet til barn og unge, og sikre at flere får mulighet til å delta.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Debatt

Rødt

Rødts strategi

Så bra at det etter ti dagar kom svar på mitt korte innlegg «Boye Ullmann og RU» – frå Rødts fremste agitator, Mímir Kristjánsson! Mitt poeng var at skoleungdommen stemte på moderpartiet både i 2007 og i 2025, da oppslutninga om RV/Rødt fall frå 6,7 til 2,7 prosent. «Altså kan det vere partiet Rødt som ikkje lenger fenger blant skoleungdommen», som eg skreiv. Ka som er usant i det, går over min forstand. Kristjánsson gjentar fortellinga om at det var Rød Ungdom frå starten av 2000-talet som løfta Rødt inn på Stortinget – og det er mykje rett. Men er det dermed ei bein politisk linje frå Rød Ungdom i 2007 til stortings-Rødt i 2026, slik Kristjánsson vil ha det til? Da må forsvarsforliket på Stortinget vere like attraktivt for skoleungdommen i dag som Rødt og Rød Ungdoms kritikk av Norges og Natos krig i Afghanistan- og neglisjeringa av eit nasjonalt forsvar var i 2007. Etter åtte år i regjering var ikkje SVs regjeringsstrategi noko som fenga, ikkje minst på grunn av Nato-krigane i Afghanistan og Libya. Da Støre i valkampen i 2017 avviste å ta Rødt inn i regjering – han ville heller ha Venstre og Kristelig Folkeparti – sa stortingskandidat og Rødt-leiar Moxnes at han var einig med Støre: «Rødt skal ikkje i SV-fella og spise kamelar til frukost og kvelds». Ved nominasjonen i Oslo ved siste stortingsval brukte han heilt andre ord.

Abort

Abort­his­torie

Mímir Kristjánsson, jeg hørte deg diskutere med KrFs Ystebø. Du gjorde det bra, bortsett fra da dere kom inn på abort. Jeg anbefaler å lese aborthistorie. Ellen Aanesens bok «Ikke send meg til en kone, doktor» vil gi masse gode argumenter. Saken handler om hvem som skal bestemme – du kan totalforby abort, det betyr at kvinner tyr til all slags farlige metoder. I 1968 døde en kvinne av illegal abort i Norge, den siste vi veit om.

Statsbesøk frå india

Petisjon for rimeleg naboskap

Til rette vedkomande, I samband med det fyrste indiske statsvitjinga til Noreg på tri og fyrti år hev det synt seg naudsynt å minna um at norsk jord i utgangspunktet er tiltenkt fredeleg samkvem mellom folk, og ikkje som mellombels filialkontor for uløyste sørasiatiske grensespursmål. Det skal sjølvsagt vera høve til å demonstrera i eit fritt land. Dette er ei høg og verdfull ordning, som Kongeriket Noreg velvillig stiller til rådvelde jamvel for menneske som elles synest å ha eit noko skiftande forhold til kor mykje fridom religiøse og etniske minoritetar bør få nyta i eigne heimtrakter. Like fullt må det kunna nemnast at slagordet «Fri Kashmir» fær eit visst preg av administrativ forvirring når det vert framført mot representantar for ein stat som alt reknar Kashmir som ein integrert del av den indiske republikken og hennar grunnlovsfesta orden. Det må i denne samanheng høvisk minnast um at India vert styrt etter ei av verdas lengste og mest omfattande grunnlover – eit dokument so vidfemnande at det truleg kunde sysselsetja demonstrantane åleine i fleire vintersesongar dersom dei fyrst tok seg føre å lesa det. Grunnlova hev gjennom fleire tiår halde saman eit samfunn av eit slikt omfang at sjølve Oslo Sporvegar ville ha kravt internasjonal bistand berre ved tanken. Det kunde difor vera av ein viss offentleg interesse um delar av demonstrasjonsiveren òg vart nytta på tilhøva for ahmadiyya-muslimar, hinduar, kristne og andre minoritetar i Pakistan, som stundom hev hatt mindre vern i kvardagen enn demonstrantane no hev under norsk politioppsyn i Oslo sentrum. På dette grunnlaget vert det audmjukt bede um: at demonstrasjonar vert haldne innan ramma av vanleg folkeskikk og moderat desibelnivå, at norsk gjestfridom ikkje vert mistydd som permanent utleige av historiske konfliktar,.