Eve-marie Lund har delt denne artikkelen med deg.

Eve-marie Lund har delt denne artikkelen

Bli abonnent
Roman for barn

To små hekser

Fabelfiks fantasy for barn.

​Illustrasjon: François Maumont ​Illustrasjon: François Maumont

Mathieu Pierloot og François Maumont (ill.)

Dragefjellet

Omsett av Stéphanie de Miranda

Aschehoug 2026, 111 sider

Ein gong prøvde eg å lese J. R. R. Tolkiens «Hobbiten» for treåringen. No trudde eg vel ikkje at det kom til å klaffe, men nokre gongar er lysta sterkare enn trua, og vi kom oss trass alt heilt til side 3. I desse dagar grublar eg på om femåringen snart er klar for Harry Potter.

Det finst mykje fantasy for barn der ute, men eg finn sjeldan noko som maktar å fortrylle dei minste lesarane. Denne mangelen gjer at eg møter den nye franske fantasybarneboka «Dragefjellet» med store forventingar. Det franske forlaget oppgir målgruppa som 8–12 år, det engelske 7–9 år, medan Aschehoug utvidar til 6–9. Med illustrasjonar på nær sagt kvar side og ein enkel, fortryllande tekst trur eg høgtlesande foreldre trygt kan kaste seg ut i eventyret saman med endå litt yngre barn.

«Dragefjellet» handlar om systrene Amaranta og Medusa, som bur hos onkelen sin Oxalis, eit sjarmtroll av ein trollmann (som artig nok er mindre i storleik enn niesene sine). Dei bur i landet Traktene (utbrettbart kart fremst i boka), der systrene er under opplæring som hekser. I opninga skal dei ut og sanke glefsurt – ein spesielt mannevond blome – for å lage usynlegheitsbrygg, og der møter dei unge Julius og anda Kringle.

Kven Julius er, og kor han kjem ifrå, blir ikkje klårt før til slutt, der vi får lese Kringles dagbok, for i sekken har han noko som krev rådsnar reaksjon: eit drageegg. Der det finst eit egg, finst det som regel ei mor, og egget kan dessutan klekke når som helst. Det gjer det òg, og ut sprett den vesle drageungen Fabelfiks. Eventyret handlar om at heksene må få ungen heim til dragemora – helst utan å bli grilla sjølve.

Blant farane på ferda er djupe innsjøar og monstrøse froskeskikkelsar. Det krev både syster- og vennskap – og ikkje minst ei and med kløkt og mot. Kringle er ikkje berre eit kjærkome komisk innslag undervegs i dramatikken – han svarar «kvakk, kvakk» til det meste – men spelar òg ei avgjerande rolle i forteljinga. Eit høgdepunkt er når han blir trylla om til eit slags før-moderne telefonapparat, slik at heksene kan rådslå seg med onkelen.

Illustrasjonane til François Maumont er tvers gjennom sjarmerande, og balanserer perfekt det skumle med det søte for dei små. «Dragefjellet» er også omsett til norsk med rette barnlege tone av Stéphanie de Miranda, og ikkje minst med nødvendig kreativitet der det trengst: «Glefsurt» er eit nydeleg ord og «kvexxene» eit passe framandt namn på dei fryktinngytande froskeskapningane.

Ein viktig kvalitet i bøkene til Tolkien, og for så vidt Rowling, er at lesaren anar at det er uendeleg mykje meir å oppdage i fantasiuniverset. Slik er det her også, ikkje minst på grunn av kartet over Traktene og Kringles dagbok til slutt. Undervegs er utsynet meir avgrensa og fokusert på akutte utfordringar, og nettopp det er viktig for å halde på merksemda og forståinga hos dei yngste lesarane. Ein oppfølgjar skal vere på veg på fransk. Eg håper forlag og omsetjar er på hogget i Norge, og at dei små lesarane får vekse vidare med serien.

Lyst å lese mer fra Klassekampen?

Bli abonnent

Du kan enkelt registrere deg med

Bokmagasinet

Essay

Paal Brekke falt som modernist mellom to stoler. Han fortjener å bli lest på nytt.

Kommentar

Anne B. Ragde har også eit arbei­dar­hjarte.

Nordisk råd

Det utbreidde ubehaget over Rachel Cusks nye roman vitnar om at boka rører ved noko viktig.