Bondeguten frå Nebraska er liten og spinkel som ein søndagsskuleengel, og så fattig at han må snika seg til å overnatta på arbeidsplassen, som er akuttmottaket i fjernsynsserien «The Pitt». Han finn seg audmjukt i den motgangen han møter, enten det no er å bli oversprøyta med blod eller å bli terga av ein annan nyutdanna lege som på sitt vis er like utanfor som han sjølv. Likevel hadde han knapt greidd seg om ikkje overlegen hadde sett etter at han ikkje lét seg utnytta av dei særskilt trengande, som den unge kvinna som blei enkje etter at mannen hennar, som var bonde, kom inn med tredjegradsforbrenning over heile kroppen. Men etter kvart som serien skrir fram, viser det seg at jamvel den reinaste nestekjærleik ber i seg eit grann av makt, og jamvel den gode hjelparen kastar skugge.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn