Ukraina 7. mai
Europa – eit hinder for fred? Leiarartikkelen «Det finnes ingen plan» 2. mai, signert Klassekampens utanriksredaktør, er pakka inn i ei slags uklar bekymring for at Europa berre vil halde krigen i Ukraina gåande. Holth rettar hard kritikk mot europeiske leiarar fordi dei har stått for «tomme løfter og falske forhåpninger» i si «tilnærming til Ukraina-konflikten», eller krigen, som er eit betre ord. Ja, det er mykje å kritisere Europa for, ikkje minst sviket etter at Russland okkuperte Krym og starta krigen i Donbas, men kvifor no? No når Europa faktisk begynner å handle uavhengig av USA? No når Orban tapte valet i Ungarn, og lånet på 90 milliardar euro og den 20. sanksjonspakken mot Russland endeleg kunne bli vedtatt? No når det i desse dagar foregår eit paradigmeskifte både i Ukrainas og Europas forhold til USA? Og no når mykje går Ukrainas veg både militært, politisk og industrielt? Kvifor no?
Den nye omfattande europeiske hjelpa til Ukraina, som altså blei mogeleg fordi Orban tapte det kanskje viktigaste valet i Europa, presenterer Holth også svært kritisk: «…pengene blas opp uten noen som helst plan for hvordan krigen skal avsluttes.» Han skjerpar kritikken mot Europa når han så påstår at russisk økonomisk kollaps har vore «halmstrået til dem som argumenterer mot å finne kompromisser med russerne». Sveriges militære etterretningssjef, som Holth her brukar som døme på denne «halmstrå»-politikken, seier i tillegg noko viktig, at Russlands strategiske mål i Ukraina ligg fast sjølv om dei økonomiske problema vil avgrense evna til å føre krig.
Gro Byrkjeland