Leiarartikkelen «Det finnes ingen plan» 2. mai, signert Klassekampens utanriksredaktør, er pakka inn i ei slags uklar bekymring for at Europa berre vil halde krigen i Ukraina gåande. Holth rettar hard kritikk mot europeiske leiarar fordi dei har stått for «tomme løfter og falske forhåpninger» i si «tilnærming til Ukraina-konflikten», eller krigen, som er eit betre ord. Ja, det er mykje å kritisere Europa for, ikkje minst sviket etter at Russland okkuperte Krym og starta krigen i Donbas, men kvifor no? No når Europa faktisk begynner å handle uavhengig av USA? No når Orban tapte valet i Ungarn, og lånet på 90 milliardar euro og den 20. sanksjonspakken mot Russland endeleg kunne bli vedtatt? No når det i desse dagar foregår eit paradigmeskifte både i Ukrainas og Europas forhold til USA? Og no når mykje går Ukrainas veg både militært, politisk og industrielt? Kvifor no?
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn